Akkurat slik er det

For tida spøte eg Peacock Shawlette, eit trekantsjal i blondespøt. Blondespøt kan vera ei utfordring – følgja mønsterdiagrammet og kva når ein må rekka opp? Krise. Eg har akkurat rokke opp alt eg spøta i går. Og det utan å nytta hjelpetråd.

Så når eg sit i sofaen og er passe sur, så får eg tilsendt ein nettteikneserie om spøting. Og det er akkurat slik det er. Worstedforwear av Josh og Rachel Anderson


Desember 2017

Akkurat denne stripa eg lenka til er vekke frå arkivet. Tittelen var “Adventures in lace knitting” og det passa jo bra då eg var irritert over å rekka opp blondespøtet.