Alt for kort vinterferie

Mykje vind. Mykje snø. Mykje vêr rett og slett. Og alt for lita tid til spøting. Vinterferien var rett og slett ein dag for kort. 

På hytta har eg eit lite utval av garn og pinnar. Held på med nokre sokkar (som må rekkast opp att og spøtast på nytt) og vottar. Og sjølvsagt eit stort prosjekt til meg sjølv. 

Eg starta på Damejakken Stril med stil av Ann Myhre i påska 2019 og har spøta kvar helg og ferie me har vore på hytta. Trøya har vore med på tur og eg har sete i sofaen og spøta til langt på kveld. Med andre ord burde eg absolutt vore ferdig no. 

Det var så nær så nær men eg klarte det ikkje. Legg skulda på alt for mykje lesing av Harry Potter og brettspel og for lita tid til å spøta.

Eg mangla ein einaste dag for å bli ferdig. E I N  D A G ! Men så måtte me heim. Det siste eg fekk gjort før me sat kursen heimover, var å klippa opp trøya og gjera ho klar til å sy inn klippekantane. 

Eg har bestemt meg for å læra meg Adobe Premiere Pro. Viktigaste lærdomen er: Hugs å ta med neglelakk på fjellet slik at negla er fine når det skal filmast!

Eg brukar Kate Davies sin framgangsmåte med å hekla før klipping. Med 100% ull som ikkje er superwash eller blanda med andre fibrar, trengst det heldigvis ikkje syast med symaskin. Skjela på ullfibrane festar seg i kvarandre og hindrar heile greia å rakna. Fastmaskene held dei avklipte trådane på plass og alt som må gjerast etterpå er å sy fast klippekanten. Mange spøtar belegg som dekkjer klippekanten, eller syr på eit band. Eg gidd ikkje. Og det går bra likevel

Damejakka Stril med stil er nesten heilt ferdig. Kun klippekantane som må syast inn