Blome-Milo

Det er alltid hyggeleg å få invitasjon til bursdagsfeiring. Ikkje minst når det er aller fyrste gong det skal feirast. Ei jente me kjenner vart fødd i slutten av november 2010 og no var tida komen for å feira den aller fyrste bursdagen hennar. Med ein mamma som like heimelaga ting og set pris på både heimesydd og heimespøta, så var valet enkelt når det gjalt å finna presang. Eg ville spøta noko.

Eg har likt Milo-vesten frå aller fyrste gong eg såg han. Enkel og samstundes kan han varierast i det uendelege. Han vert strikka på rundpinne og ikkje ein einaste saum å sy saman til slutt – kan det bli betre? Og no hadde eg endeleg ein grunn til å kjøpa mønsteret. Milo er designa av Georgie Hallam og mønsteret kan kjøpast her på Ravelry. Me er så heldige å ha ein liten garnbutikk her ute på landet, og sjølv om utvalet ikkje er superspanande så prøve eg å handla der så ofte som mogleg. Så eg kjøpte Smart frå Sandnes Garn i fargen petrol (6545) og starta opp så snart eg kom heim. Ihuga sette eg igang – hadde i alle fall ikkje tid til å kontrollera strikkefastheta mi. Milo er rask å spøta – rillestrikk og aukingar til selane, fell av og legg opp nye maskar til armholene og så berre spøta til vesten er lang nok. Og best av alt er at det er berre rundt og rundt heile tida. Medan eg spøta vesten så såg eg på Stargate SG-1 og følgte ikkje så godt med på sjølve spøtinga, det var jo berre rundt og rundt. Og då innsåg eg at eg burde ha sjekka strikkefastheten før eg sat i gang. Det går tydeleg fram av mønsteret at strikkefasthet MÅ kontrollerast før ein set i gong. No var eg komen så langt at eg ikkje orka å rekka opp att og starta på nytt att. Så no vil i alle fall gåva vara lenge. Eigentleg skal det vera ei flette på eine sida men sidan eg ikkje er så glad i fletter har eg ikkje laga det. I staden hekla eg blomar i Babyull frå Gjestal og sydde dei på.

 

Milo. Det er ikkje ein vest, det er ikkje ein tunika. Det er ein kjole!