Djevlehue

Me har ein liten strikkebutikk her på Strilalandet, ikkje det store utvalet men standard garn frå Sandnes og Dale. Og lageleg plassert ved sida av helsestasjonen. Så då er det bare å vagga seg frå kontroll hos jordmor og ned på garnbutikken for å handla litt meir.

Ein liten baby bør jo få seg ei hue óg. Så etter ein kontroll hos jordmor kjøpte eg litt Mini Alpakka frå Sandnes, gjekk heim og starta strikkinga. Hua vart ferdig på ein dag, så det vart mange episodar av Desperate Housewifes denne dagen. Oppskrifta er #1904 Babylue frå Strikk til Nøstebarn.

Ferdig strikka djevlehue – umontert

Det tok litt tid før eg fann ut korleis eg skulle sy saman djevlehua. Men med god hjelp frå forumvener så fekk eg det til.

Djevlehua ferdig sydd

Eg brukte nesten eit heilt nøste med garn til hua. Etter å ha vegd restane så hadde eg akkurat nok til eit par med babysokkar – #1908 Hentesett frå Strikk til Nøstebarn.

Babysokkar i alpakka