Dugnadssokken av Birger Berge

Dugnad! Noregs nasjonalord. Fellesskap. Samhold. Og så er det alltid ein eller annan surpomp som klagar på at ikkje alle er med anten det gjeld rydding i burettslaget eller baking av kaker til 17. mai. Heldigvis deltek folk flest på ein dugnad. Ikkje alle kan delta på dei tunge, fysiske tinga og ikkje alle kan baka kaker. Men på eit eller anna vis kan dei fleste av oss delta. Mitt siste bidrag til dugnad har vore å spøta Dugnadssokken av Birger Berge

Dugnad for Leger Uten Grenser

Nokon av dei som jobbar jamnt og trutt dag etter dag, år etter år, i små og store krisar kring i verda, er Leger Uten Grenser. Dei jobbar etter dei humanitære prinsippa uavhengighet, upartiskhet og nøytralitet og gjev helsehjelp i krig og konfliksonar, etter naturkatastrofar og til menneske på flukt. Leger Uten Grenser er fullstendig avhengig av pengestøtte frå private, frå deg og meg, for å kunna jobba uavhengig av statar og politikk. Heile 95% av inntekta deira kjem frå private donasjonar. Du kan hoppa rett til sokkane viss du vil

Birger Berge gav ut boka Moderne tradisjonsstrikk i 2019. No i mars 2020 gav han ut oppskrifta Dugnadssokken. Inntektene frå salet av oppskrifta fram til 1. mai gjekk til Leger Uten Grenser sitt enorme naudhjelpsarbeid verda over. I ei tid kor verda og situasjonen vert opplevd som usikker og overveldande, har me lett for å orientera oss mot det trygge og tradisjonelle – det som gjev oss glede. Og spøting er absolutt noko som gjev meg og mange andre glede og trygghet. Når tankane kvernar og kroppen er uroleg, kan fokuset og dei repetetive rørslene gje oss ro. Kanskje er Dugnadssokken den viktigaste oppskrifta til Birger Berge?

Ei fantastisk tid for introverte, eller?

Å halda sosial avstand er generelt ikkje vanskeleg for meg. Eg er heime. Kvar dag. Går ingen stadar og hatar å dra på butikken. Der er det alt for mykje folk. Denne tida er perfekt for slike som meg, brått er heile samfunnet innstilt på at ein skal halda avstand, halda seg heime, halda seg for seg sjølv. Enkelt og greit hadde det ikkje vore for at alle andre og er heime no.  

No når ting opnar opp att, skulane opnar, fritidsaktivitetar startar att, arbeidsplassar går frå heimekontor til bortekontor, så går livet tilbake til normalen for meg og. Eg får nyta einsemda heime og samla opp energi til å vera sånn nokonlunde eit fornuftig menneske når borna kjem heim frå skulen.

Jill skriv forøvrig om isolasjon og dugnaden sett frå ein kanadiar i Noreg sin ståstad – alltid fint med nye perspektiv på ting.

Sokkar i koronaens tid

Prøvelapp er for pingler! Eg starta med dei pinnane som er oppgjeve i oppskrifta, men det stemte ikkje. Eg hadde alt for mange masker per 10 cm og hadde ikkje sjans i havet til å få på meg sokken. Måtte rekka opp og starta på nytt på tjukkare pinnar. 

Sokken kunne med føremon vore litt større i leggen og over helen. Eg ser to alternative løysingar på dette. Anten leggja opp 6-8 masker meir (dersom det går opp med mønsteret). Eller spøta mønstrete sokkar i Sisu på pinnar nr 3,5 mm. Det siste er nok det beste, men då må eg fella masker etter helen slik at sokkane passar betre på fotbladet. 

Alt i alt er eg veldig fornøyd med sokkane. Sokkar er nederst på lista over ting eg liker å spøta, men desse gjekk overraskande greitt å få ferdig.

Mønsteret til Dugnadssokken av Birger Berge  kan kjøpast her på Ravelry.

10. august 2020 Det er ikkje kjøpsknapp til Dugnadssokken lenger på Ravelry.