Fleire Longies på Langs

Bleiebukser med lange bein er veldig greit no når det er kaldere. Då slepp Maiblomen unna strømpik eller stillongs og kan ha på bare mellom- og ytterlag når me skal ut. Eller når han kryp rundt i stova så har han kun bleiebukse på. Beina er lange og er bretta opp så dei vil passa til Maiblomen i lang tid framover.

Det er uendeleg lenge sidan eg vart ferdige med desse to Longies på Langs. Og så har dei berre vorte liggjande i påvente av lanolisering. Lenge. No er det fleire bleiebukser som treng lanolisering, så då var det bare å setja i gong.

Longies på langs er enkle å spøta, rillespøt på langs og så sy saman til slutt. Denne gongen spøta eg kilen i kontrastfarge for å få litt meir fargerike bleiebukser. Eg har spøta desse i Safir frå Gjestal og det har gått med to nøster i hovudfargen pluss kilen. Buksene låg til lanolisering over natta og etter ei eddikskylling og tørking, var dei klare til bruk. Perfekte til ein liten tøybleiebrukar.