Gul trekant

Ein liten tøybleiebaby treng jo bleiebukser. Til Storebror strikka eg ingenting – det var det mamma som måtte gjera. Han fekk Nøstebarn sine bleiebukser, trekantbuksa og nattbuksa. Den gongen hadde eg ikkje oppdaga at bleiebukser faktisk kunne vera noko anna enn Nøstebarn.

Eg skal vera vel budd til magebuaren kjem ut og han skal ikkje mangle bleiebukser i alle fall. Storebror har fått bestemma fargane.

Aller fyrst så strikka eg trekantbuksa frå boka “Strikk til Nøstebarn” av Kathrine Gregersen. I gul 3-tråds merino (Askeladen) frå Nøstebarn. Denne babyen blir nok ei lita solstråle 😉

Gul trekantbukse frå Nøstebarn