Handfarga og langreist – Sukkerspinngenser

Alle som spøter bør vera glad i, og ikkje minst handla i, den lokale garnbutikken sin*. Lett tilgjengelege spesialbutikkar er gull verdt og me bør setja pris på den detalj- og fagkunnskapen som finst. Då er det ein smule sjølvmotseiande at eg spøter med garn frå Seattle.

Husbonden var som vanleg utkommandert for å kjøpa garn til meg då han vitja Seattle hausten 2019. Tidlegare har han reist til Churchmouse Yarns & Teas på Bainbridge Island, men denne gongen gjorde eg litt fleire undersøkingar i forkant av reisa hans. Churchmouse har mykje fint garn, men no hadde dei ingenting som var spunne eller handfarga lokalt. Hopp rett til genseren viss du ikkje gidd lesa alt.

Google sin kartfunksjon er fantastisk når det gjeld å finna garnbutikkar i nye byar. I Seattle er det ganske mange å velgja mellom, men Seattle er som andre amerikanske storbyar – laga for bilar. Når husbonden i tillegg ikkje hadde så mykje tid på hand til å handla for meg, så måtte eg finna ein butikk som var nær konferansen hans. Etter ein del undersøkingar vart valet Seattle Yarn som har mykje lokalt garn.

Eg var 100% overtydd om at eg ikkje skulle ha superwashgarn. Når eg skal kjøpa dyrt spesialgarn, er det viktig at dei naturlege eigenskapane til ulla er tilstades. Så husbonden vart sendt på butikken med denne handlelista:

  • Bedhead Fiber Dacite
  • nok garn til ein genser til meg
  • fargar som passar saman

Dei fantastiske folka på Seattle Yarn var til stor hjelp og sende han heim med fem hesper på 100 gram kvar. Bedhead Fiber sitt garn Dacite er 100% rambouilletull frå berekraftig landbruk i California. Det er spunne til garn i California før det vart sendt nordover til Seattle. Kelli som driv Bedhead Fiber fargar garn med naturens eigne fargar – bark, frø, blad, insekt, sopp, røter, lav – og har stort fokus på berekraft og økologi. 

Blåtre (Haematoxylon campechianum) er brukt for å få lillafargen på garnet Periwinkle
Japansk indigo (Persicaria tinctoria) er brukt til det turkiske (eller blå?) garnet Indigo
Krapp (Rubia tinctorum) er brukt til melonfargen på garnet Cantaloupe

Handfarga garn er dyrare enn maskinfarga. Når garnet i tillegg kjem frå småskala produksjon og alle ledd i prosessen skal gå i pluss, så blir det dyrt. Dette garnet frå Bedhead Fiber kosta $38 per hespe og totalt vart det omlag 1700 kroner. Eg har aldri spøta ein så dyr genser til meg sjølv. Eller andre. Heldigvis fekk eg garnet i tidleg jolegåve frå Husbonden og mamma og pappa.

Eg fekk den fine boka Inspirerende norske strikkemønstre av Wenche Roald og Annichen Sibbern Bøhn til gjebursdagen min i 2019. Annichen Sibbern Bøhn sin klassikar Norske strikkemønstre frå 1929 er heilt umogleg å få tak i til trass for iherdige søk på finn.no. Heldigvis har Wenche Roald lat seg inspirera av dei gamle mønstera og laga ei fantastisk bok med oppskrifter basert på Annichen Sibbern Bøhn sin innsamla mønster. Og bonusen er at orginalboka er trykt opp som eit hefte og ligg ved Wenche Roald si bok.  

Etter å ha grubla ei god stund på kva eg skulle spøta, landa eg på Favorittgenseren til dame. Han har mønster på berestykket og nederst på erma, men ikkje bolen. Eg hadde eit hespe kvar av lilla og melonfarga og tre turkise (eller blå?) hesper.  Turkis måtte vera hovudfargen sidan eg hadde mest av den og dei to andre mønsterfargar. Favorittgenseren til dame har eigentleg tre ulike mønsterfargar så eg måtte gjera om på mønsteret så det passa til to fargar. Eg valde denne fordi eg enkelt kunne leggja til mønsterbord nede på bolen dersom eg gjekk tom for hovudfarge.  Handfarga garn har alltid fargevariasjon og for å unngå stor skilnad i farge når eg bytta frå eit hespe til eit anna, har eg spøta med alle tre turkise samstundes. Ein omgang frå kvart hespe heile tida gjev eit fint fargespel og det er umogleg å sjå at det ikkje er same fargen. Det synte seg at eg hadde rikeleg med garn og no kan eg spøta vottar eller hue som passar til genseren. 

Garnet husbonden kjøpte i Seattle har ein løpemeter på 415 meter per 100 g. Dette er 100 meter lengre enn Hillesvåg Ask har men skilnaden er ikkje for stor. Med prøvelapp så var det ingen problem å nytta oppskrifta som ho var utan å gjera endringar. Eg gjekk opp ein storleik i høve til storleiken eg ville hatt dersom eg spøta i Ask og genseren vart heilt perfekt. 

Garnet er 100% rambouillet, så det er mjukt og godt og ein kløfaktor på absolutt 0. No klør eg heller ikkje av Rauma Finull eller Hillesvåg Ask rett på huda, men rambouillet er heilt fantastisk å ha på seg. 

Favorittgenseren til dame er ein genser i tradisjonell norsk mønsterdesign. Men fargane er så langt frå tradisjonelle norske som det går an å koma. Dei er òg langt frå fargar som eg vil velja til dagleg – grått, svart, sauebrunt, sterke fargar. Dette er ein genser i skikkeleg søte sukkerspinnfargar. Eller vannmelondrops som nokon kalla han.

Sukkerspinngenser

Det er litt anna strikkefasthet på dette garnet enn Ask, så reell storleik er L. Skulle gjerne hatt erma eit par cm breiare, men det gjeld alle genserar. 

* Det er like mange grunnar til å kjøpa garn over nett og ikkje i fysisk butikk, som det er strikkarar. Men me som har muligheten til å bruka dei fysiske spesialbutikkane bør gjera det når me kan. Og så blir det opp til kvar enkelt å definera kva som ligg i “har muligheten” – økonomi, tilgjengelighet, spesialgarn.