Hemmeleg ven

Eg er så heldig at eg har ein hemmeleg ven. Ein ven eg ikkje veit kven er. Ein ven som har sendt ei hyggeleg overrasking i posten til meg.

Heilt sidan Storebror vart født, har eg brukt ein del tid på eit nettforum. Her vert det med jamne mellomrom delt ut hemmelege venar. Då får alle tildelt ein person dei skal finna det perfekte beretøyet til. Og dersom venen har tid og pengar kan dei senda med smågåver, men det er absolutt ikkje påkrevd.

No syner det seg at eg har verdas beste hemmelege ven. Ikkje bare hadde ho funne det perfekte beretøyet til meg, Zara Forrest frå Ellevill, men eg fekk og garn. To nøster med Inca Alpakka frå Rauma Ullvarefabrikk og to nøster med Naturgarn frå Viking of Norway. Så no gler eg meg til å finna på noko å spøta av desse. Det tar nok litt tid for eg må gjera ferdig dei andre prosjekta eg held på med.

 

Inca Alpakka frå Rauma Ullvarefabrikk; farge IN244
Naturgarn frå Viking of Norway; farge 615

Og som ein bonus så får dåke med Maiblomen og meg i det fine nye Zara-sjalet me fekk frå den hemmelege venen min. Verdas beste hemmelege ven!

Kos