Jolegåvespøt

Kva gjere ein når ein får ei overraskande jolegåve? Jo, drar og handlar på finaste garnbutikkenTM i Vestby

Då eg like før jol fekk ei overraskande jolegåve, var det berre ein ting eg kunne gjera. Nemleg kasta meg i bilen (burde vore på sykkelen) og setja kursen mot Vestby for å kjøpa garn. Skal innrømma at eg hadde tenkt litt mellom desse to handlingane så det var ikkje ein superspontan handletur. På Vestby Storsenter har nemleg Sara opna Garnlykke og teke steget frå rein nettbutikk til fysisk garnbutikk.  

Og for ein butikk det har blitt 😍. Stor, lys og med masse fantastisk garn. Hyllemeter på hyllemeter med godsaker. 

Kaffi og spøt i sofaen til Garnlykke
Kvar ledig tid må nyttast til jolegåvespøt

Eg brukte nokre dagar på å finna den (for meg) perfekte gåva å gje i retur. Det er ikkje så lett å spøta til andre når eg ikkje veit kva forhold dei har til ull og heimespøt. Det er heller ikkje lett å finna den perfekte kombinasjonen av farge, garn og plagg.

Så då endeleg alt dette var i boks, så måtte eg berre spøta. Heile tida. Over alt. Ikkje minst fordi eg og måtte nå posten si sendefrist for å få gåva fram til jol. 

Det er ingen løyndom at eg har eit par tre* hesper med garn her heime. Garn som ein del vil påstå klør og stikk. Garn som eg vil sei er av skikkeleg ull. Ikkje minst har eg  garn i glade fargar. Glade fargar er viktig altså. Grått, svart og brunt er fint saman med dei glade fargane men alt for keisamt aleine.

Men no var det altså ei gåve eg skulle spøta. Ikkje alle er like glade i fargar som meg så for å vera på den sikre sida kjøpte eg grått garn!

Garnlykke fører garn frå italienske Lane Mondial. Det økologiske garnet Bio Lana er supermjukt og absolutt kløfritt. 

Eg valte å spøta eit skjerf i jolegåve. Med tjukt garn og tjukke pinnar fordi det var nødt til å gå fort slik at det nådde fram i tide til jol. Alle får jo bruk for eit skjerf av og til. No kryssar eg berre fingrane for at resten av vinteren vert litt kaldare slik at det blir god bruk for skjerfet.

 

* eller kanskje ein del fleire enn det

195 cm skjerf er ferdig og klart til å bli jolegåve
10 cm var alt som var til overs av 500 meter garn
Kvalitetssikrar at skjerfet ikkje klør
Pakka inn og klar for sending

Enkelt skjerf

Eg la opp 47 masker og spøta ei rett og ei vrang. Fyrste maska på pinnen tok eg laust av for å få ein fin og jamn kant. Eg spøta til eg var tom for garn og sat att med 10 cm garn til slutt.