Kjekkas-Kjekkas

Storebror er ein kjekkas!

Han er, heilt objektivt sett, Verdas Beste Storebror. Han syne omsut for litlebroren sin og for andre born. Han stelle godt med dyra våre og med hestane på rideskulen sin. Han er ein godgut og altså Verdas Beste Storebror.

Eg har spøta til Maiblomen og andre og diverre lite til Storebror. No er vinteren komen og han har bare ein strikkagenser som han like å bruka. Ein genser er litt lite her kor det regne meir enn det snør og klede blir våte, så då måtte eg rett og slett fram med pinnane mine. Storebror likar ikkje genserar som er trange i halsen, han føle han blir kvelt og vil ikkje ha dei på seg. Allereie før eg spurte om han ville ha ein ny genser, så hadde eg ein plan. Utspekulerte mammaen… Eg synest Kjekkasgenseren til Pickles er så fin, og kva passe vel betre til ein liten kjekkas? Han fekk sjå bilete og heldigvis var dette ein genser han kunne lika. Storebror har sjølv bestemt fargen, så genseren er spøta med dobbel tråd Abuelita Tynn 3-tråds Merino i fargen mørk advent. Ein knakande fin farge og genser til ein gut som blir seks år i adventstida.

_MG_7003