Little Leaves

Før eg fann strikkegleda att, så var det mykje eg aldri skulle spøta. Sjal var ein av desse tinga. Sjal er tantete og absolutt ikkje for meg. Men så vart eg så inspirert av andre sine sjalprosjekt at eg såg gjennom garna mine og leita på Ravelry etter eit mønster eg likte. Og eg fann Little Leaves. Garnet eg brukte var etter veksejakka til Storebror, antrasittgrå Filcolana New Zealand Lammeuld strikka på pinnar nummar 4,5. Ikkje bare er dette fyrste forsøket mitt på sjal men det er óg fyrste gongen eg strikkar blondemønster. Med andre ord må eg følgja med på kvar rettpinne og telja maskar. Heldigvis er mønsteret logisk oppbygd og eg treng ikkje lesa mønsteret kontinuerleg – det går fint an å sjå MadMen medan ein spøter dette. Ikkje tok det så lang tid heller, vel ei veke medan me var på sommarferie.

I utgangspunktet spøta eg dette til meg sjølv, men så var det no slik at nokon såg det og likte det svært godt. Så då blir det heller julegåve.