Longies på Langs

Mai var ikkje så veldig varm her ute på Strilalandet så då nytta eg høvet til å spøta Longies på Langs. Jada, nok ei bleiebukse til Maiblomen. Eg har funne oppskrifta på forum og vistnok er ho modifisert frå korte bleiebukser i boka Myk Start Strikk til babyen av May B. Langhelle (jan 2019: fjerna lenka då boka ikkje er i sal lenger). Uansett er Longies på Langs enkle å spøta – rillestrikk fram og tilbake og så sy saman til slutt. Safir er rimeleg garn å kjøpa, kan lanoliserast og er lett å få tak i her på Strilalandet. Det er ikkje så langt å køyra til Spar Kjøp.

Eg la opp 75 masker og spøta på pinnar nummer 5. Buksa blir lang i beina men kan brettast opp så ho passar lenge. Storleiken kan endrast ved å endre talet på masker og/eller pinnestorleiken.

Oppstart på Longies på Langs
Ferdig og klar til samansying
Ferdig!
5 veker gamal Maiblom teste dei nye longiesane sine