Nissehue og Nysirkus

Det er snart jol. Og før jol kjem advent. Og med advent kjem opning av jolegata og tenning av jolegrana i Hølen. Nytt av året er at yngstemann skal opptre med Nysirkus i nissekostyme og med nissehue. Og då må mor trå til. Eg lagar ikkje nissekostyme. (Han var ganske så bestemt på at han ikkje skulle ha heimespøta kostyme. Kva i alle dagar har eg gjort gale dei siste seks åra?) Derimot har eg spøta lang nissehue til han.

Til trass for at eg har vorte ein stril i eksil, så er det relativt enkelt å få tak i skikkeleg ullgarn her på det (u)sentrale austlandet. På Strilalandet måtte eg reisa heilt til Byd’n (eller Bergen som andre vil kalla det) for å kjøpa garn frå Hillesvåg Ullvarefabrikk. Ein ekspedisjon. Her kan eg få kjøpt Hifa Ask i nabobygda. Ein liten sykkeltur unna.

Garn vart kjøpt inn. Nye pinnar. Eg veit aldri kor dei gamle pinnane er. Det må vera to millionar pinnar i limbo ein eller annan stad, dei er i alle fall ikkje her i huset. Og så var det berre å setja i gang.

Garn, pinnar og talet på masker på tilpassast den som skal ha hua. Eg kunne nok lagt opp færre maskar sidan 6-åringen ikkje har like stort hovud som meg. Heldigvis. Og ikkje minst hadde eg klart meg med eitt hespe dersom det var færre masker. Eller eg hadde droppa dusken.

  • Eg la opp 112 masker på pinnar nummer 3,0 mm og spøta vrangbord (to rette og to vrange) i fem centimeter
  • Auka 8 masker (spøt 7m, *auk 1m, spøt 14m*, gjenta ** 7 gonger, auk 1m, spøt 7m) til totalt 120 masker
  • Eg spøta 16 cm, inkludert vrangborda, før eg starta fellinga
  • Fell slik:
    • Finn ut kor lange hua skal vera og rekne ut kor mange fellingar du treng for å få passe lang hue
    • Plasser maskemarkørar i starten av omgangen og 3 stader til med like mange masker mellom. Her er det 30 masker mellom kvar
    • Spøt dei to fyrste maskene på omgangen saman og spøt til neste markør, flytt denne over på høgre pinne og spøt dei to neste maskene saman. Hald fram slik ut omgangen
    • Spøt 6 omgangar til
    • Gjenta dei to siste punkta til det er 12 masker att på pinnane
    • Dra tråden gjennom dei siste maskene og fest godt
  • Lag dusk og sy fast

Kor mange gonger eg felte:

\[{120} masker -{4x} fellingar ={12} masker\]
\[x={27} fellingar\]
Eg skulle spøta lang hue så eg måtte rekna litt på kor mange omgangar det skulle vera mellom kvar felling og eg enda opp med 6 omgangar mellom.

Totalt er hua 73 cm lang.

 

Nissehue

  • Hifa Ask, farge 6014 klar raud
  • 101 gram
  • Pinnar nr 3 og 3,5
  • Mi strikkefasthet: 22 masker på 10 cm på pinnar nummer 3,5 mm
  • Storleik: Vil vara i mange år

Oppskrift etter eige hovud inspirert av dei mange hueoppskriftene som finst

Eg kunne nok med føremon spøta hua på pinnar 2,5 mm og 3,0 mm i staden for. Då hadde ho vorte litt mindre luftig. Samstundes måtte eg hatt fleire omgangar mellom fellingane for å få like lang hue.