Nok eit sjal

Tidlegare i sommar var eg hos To Damer på Askøy og kjøpte garn. I utgangspunktet kjøpte eg Kauni effektgarn i raudt og oransje for å spøta noko til Storebror og tok i tillegg med meg blågrøn Kauni fordi fargen var så fin. Garnet vart liggjande medan eg gjorde ferdig andre prosjekt, men så fann eg ut at eg likte så godt å strikka sjal at eg godt kunne gjenta suksessen. Eg har tidlegare skrive at eg er ein frysepinn, så eit stort trekantsjal til innebruk kunne nok vera ein god idé.

Eit søk på Ravelry etter sjal som ikkje var strikka i den tynnaste ulla, gav meg sjalet MacKay av Elizabeth McCarten. Så då var det bare å setja igong. Planen var at dette skulle vera eit langtidsprosjekt kor eg skulle spøta andre ting innimellom. Men ein ferietur til Oldemor og påfølgjande camping på veg heimover gjorde susen og brått var sjalet ferdig.

Eg er supernøgd med sjatteringane i Kaunigarnet. Og det blir nok fleire sjal etterkvart, eg var vistnok ei sjaldame likevel…