Nye ting – Del 2

Eg held fram med å gjera ting eg aldri har gjort før. Sist var det å spøta bukse og nytta magisk løkke ved spøting av buksebeina. Denne gongen er det maskesting. Det er framleis monsterbuksa eg held på med men er heldigvis snart ferdig. Eg trur mottakar byrjar å bli litt utolmodig så burde kanskje sagt frå då eg sa ja til dette at eg aldri har spøta bukse før.

Attende til maskestinga. Maskesting er akkurat som buksespøting. Nemleg ein slik ting ein har mødre til å gjera for seg. Mødre som vel etterkvart meine det er på tide ein lære å gjera det sjølv… Så no har eg lært meg det. Garnstudio har laga til ei rekke  instruksjonsvideoar og forklaringar, eg nytta deira video for å læra meg maskesting. Og det er sant som det blir sagt – øving gjer meister. Men eg vil helst få det til på fyrste forsøk. Med ein gong. For eg manglar i alle fall ikkje tolmod…

Må slik ser det altså ut når eg held på å læra meg maskesting. Men eg innser at eg treng meir øving på maskesting altså.

 

Maskesting på Monsterbukse

 

Instruksjonsvideoen frå Garnstudio eg nytta.