Nytt år og nye prosjekt

Etter å ha spøta 13165 meter med garn i 2011 så er eg klar for nye prosjekt i 2012.

Eg held på med ein Mariusdress til Maiblomen og føl opp suksessen (?) med magisk løkke frå Monsterbuksa eg spøta. Eg bruke lengre tid med to ermar på magisk løkke enn med 5 pinnar og eit og eit erme i gongen, men det er er strålande å bli ferdig med begge to på ein gong. Og i tillegg så blir aukingane gjort på same runden på begge to. Erma på Mariusdressen vert avslutta med mønster og det var ei utfordring å spøta tofarga ved hjelp av magisk løkke. Eg klarte ikkje halda nysta frå kvarandre så det vart godt med snurr på tråden og eg måtte bruka tid innimellom på å løsna opp i nesten-flokane. Men det gjekk bra.