Nyttårsgensar

Før jul i fjor. Året då eg ikkje fekk ferdig nokon ting (nesten). Då sat me oss på toget austover. Med julegåver, koffertar, born, julemat, niste og enno meir pikkpakk. Og spøt. Eg hadde heldigvis fått lyst til å spøta litt, så då var det bare å finna fram garn og oppskrift kvelden før me skulle reisa. Pinnar kjøpte eg på vegen neste dag, hadde ikkje tid til å finna fram det kvelden før.

Spøt på toget var eit genialt sjakktrekk. Toget kom ut av ein tunnel etter Arna og køyrde rett inn i eit ras! Og med eit gjerde liggjande over køyreledningen så måtte straumen kuttast. Så sat me der då, i mørket med bare svakt batterilys. Dei to siste vognene var framleis inne i tunnelen… Fram med garn og pinnar og legg opp til gensar til Maiblomen.

Eg likar Rullegensaren til Nøstebarn. Ingen brot i ribbespøt, bare rundt og rundt og rundt og med raglanfelling så eg slepp sy i armar. Gensaren er spøta i Ask frå Hillesvåg. Dette garnet er tjukkare enn Nøstebarn sitt 2-tråds så eg måtte justera litt i oppskrifta. Eg la opp til den minste storleiken og spøta til han var lang nok. Dvs til storleik 4 år.

Glad og nøgd så spøte eg meg vidare Austover. Toget kom i gang att etter to og ein halv time med venting og med kom fram til slutt. Vel framme så startar jula. Med avslapping og tedrikking. Mat og vitjingar og fullt hus. Og meir mat. Og spøt. Spøtet vart redninga etter fullt hus og eg trengte å slappa av. Det tok ikkje så lang tid før gensaren vart ferdig. Trådfesting og blokking inkludert.

Rullegenser

 

 

Glad Maiblom som ser film saman med Storebror. Og litt tulling vert det tid til óg. Fine gutane

Rullegenser2