Om ferjer. Og ekspedisjonsgenseren Expedition

Alle som har sett ein episode av Grey’s Anatomy har sett dei: Ferjene som går mellom Seattle og Bainbridge Island. Frå Seattle til ein garnbutikk (sjølvsagt).

For oss som er vane med ferjer på Vestlandet, så er desse ein anna dimensjon. Alt er stort på andre sida av dammen. Tilsynelatande ferjene og. Me som har sete nokre timar nede i ein innelukka salong, gjerne etter å ha stått i kø i mange timar ein solfylt 2. Påskedag for så koma på ei ferje som ikkje sel is før 1. mai, veit kva me snakkar om. Barndomsminner altså…

Eg budde i Bergen då eg var lita. Besteforeldra mine budde i Rosendal og naturleg nok gjekk det ein del timar både i ferjekø og på ferja mellom Gjermundshamn og Løfallstrand. I sol. Eller regn. Heilt ærleg så kan eg ikkje hugsa å ha reist med mikroferja MF Huglo, men ho skal ha gått på sambandet eit stykke utover på 1970-talet. Ikkje store båten. 27 meter lang og plass til 12 bilar.

O-3-9 Norge- Løfallstrand, Kvinnherad, Hardangerfjord (9354975729)
MF Huglo på ferjekaien på Løfallstrand kring 1970. Foto: Normann kunstforlag AS/Nasjonalbiblioteket

Ferjene eg hugsar frå dette sambandet er på storleik med MF Bjørnefjord bygd i 1962. Med salong oppe – det var om og gjera å springa fortast mogleg ombord for å få plass ved vindauga. Og lang kø i sola og ingen is å få kjøpa i kiosken fordi det ikkje var 1. mai enno. Is kunne kun etast i sumarmånadane hadde ein eller annan dust i HSD bestemt. Eg er skikkeleg bitter på det der med isen altså. Samanlikna med MF Huglo er ho kjempestor med plass til 30 personbilar.

MF Bjørnefjord (1962-1988)
MF Bjørnefjord ved kai på Løfallstrand 1975. Foto: Harald Sætre / Wikipedia (CC BY-SA 4.0)

Washington State Ferries sine båtar som går mellom Bainbridge Island og Seattle er jo heilt gigantiske samanlikna med dei gamle ferjene til Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap.

MV Tacoma er 460 fot (eller 140 m) lang, har plass til 202 personbilar og heile 2499 passasjerar.

M/V Tacoma © Washington State Ferry (CC BY-NC-ND 2.0)

Men er dei så ulike moderne ferjer på Vestlandet?

MF Raunefjord er 130 meter lang. Til trass for at ho er 10 meter kortare enn MV Tacoma så har ho faktisk plass til fleire personbilar (212 stk). Det kjempeferjene i Seattle skil seg ut på er passasjertalet. MF Raunefjord kan ta 489 passasjerer og dette er kun 20% av kapasiteten til Tacoma. Reisande mellom Bainbridge Island og Seattle er hovudsakleg pendlarar utan bil samt turistar i motsetnad til Vestlandet kor folk hovudsakleg reiser med bil.

MF Raunefjord
M/F Raunefjord. Foto: Jarvin (CC BY-SA 3.0 )

Og husbonden har fleire gonger vore utkommandert til å reisa med ferjene over Puget Sound. For på Bainbridge Island ligg nemleg garnbutikken Churchmouse Yarns & Teas. Fyrste gongen han handla for meg (i 2016) kjøpte han garn til ein genser til seg sjølv. Eg lova å spøta genser til han viss han reiste og handla for meg. Som sagt så gjort. Han kom heim med økologisk ull frå Cascade Yarns. Tjukkare enn eg vanlegvis spøter med og då går det raskare å få ferdig produktet. Planen var at det skulle vera julegåve men siste ermet måtte gjerast ferdig i januar 2017.

I samråd med husbonden landa eg på å spøta Expedition av Todd Gocken. Med tjukke pinnar og tjukt garn så gjekk det fort. Sjølv noko så irriterande som å spøta fram og tilbake på berestykket gjekk raskt. Fletter på skuldera og eg plukka opp masker for å spøta erma nedover. Så velsigna lite montering til slutt. Ein liten detalj eg likte veldig godt (og ikkje har bilete av) er kilen som er under erma. Denne gjer at til trass for tjukt garn så blir det ikkje klumpete under armen.

Expedition!

• Cascade Yarns Eco+, farge 9459 Yakima Heather
• Cascade Yarns Ecological Wool, farge 8015 Natural
• Garnmengd: 273 gram grøn og 399 gram grå
• Pinnar 5,0 mm
• Kjøpt: Churchmouse Yarns & Teas
• Design: Todd Gocken Designs

Eg gjorde ingen endringar på genseren. Mønsteret er kjøpt på Ravelry og treknappane er kjøpt hos Bryggerhuset i Vestby.

Bonus: Washington State Ferries kan følgjast i sanntid her. MF Raunefjord kan følgjast på MarineTraffic i sanntid saman med alle andre fartøy.