Raske vottar

Vottar! Heilt naudsynt når ein er ein frysepinne på Austlandet. Saman med sokkar, så har vottar stått øvst på hatlista når det gjeld kva eg likar å spøta. Endeleg ser det ut som eg har knekt koden på vottespøtinga.

Å få dreisen på vottespøtinga var faktisk så enkelt som nye pinnar. Eg kjøpte Addi CrasyTrio hos Garnlykke for å testa korleis det var å spøta ermer med desse. Det var som natt og dag. Eg har aldri hatt problem med eller mislikt å spøta ermer med fem pinnar. Heilt greit liksom. Men så prøvde eg desse og det var ei ny oppleving. Ikkje minst fordi vonde fingerledd no ikkje var ei hindring i å spøta med tynt garn og tynne pinnar.

På fire dagar har eg spøta to par med vottar. Og samstundes gjort lite anna. Eg fann mønsteret Simple autumn mittensRavelry og hadde passande garn liggjande. Vottar er jo perfekt for restegarnsspøt. Og ein fin måte å gjera plass til garn som husbonden skal kjøpa neste gong han er ute og reiser…

Eg spøta fyrst eit par kor eg fylgde oppskrifta til punkt og prikke. Desse er spøta i brun Rauma finull (farge 411) på pinnar nr 2,5 mm. Hòlmønsteret er enkelt med kast og to maskar saman anten mot høgre eller mot venstre. Som med mange votteoppskrifter er tommelen plassert heilt i overgangen mellom handflate og handbak. Personleg så liker eg betre når tommelkilen er trekt litt inn på handflata og votten då sit betre på handa.

Vottepar nummer to er spøta i mørk burgunder i Ask frå Hillesvåg (farge 6072) på pinnar nr 3,0 mm. På desse flytta eg tommelkilen fire masker inn på handflata og fekk dermed betre passform.

Mønsteret seier at vottane skal vera tettsitjande og det er dei. Perfekte såleis fordi eg liker at vottane mine er litt trange og fordi eg ikkje har verdas største hender. Vottane spøta i Ask på pinne nr 3,0 er litt romlegare enn dei i Finull på nr 2,5. Men skilnaden er nesten ikkje merkbar.





Superenkle haustvottar!

* Rauma finull i fargen brun (411)
* 33 gram
* Pinnar nummer 2,5 mm

* Hillesvåg Ask i fargen mørk burgunder (6072)
* 40 gram
* Pinnar nummer 3,0 mm

* Mønsternamn: Simple autumn mittens
* Designer: Halldora J.

Mønsteret er eit gratismønster og kan lastast ned på Ravelry. På votteparet i Ask flytta eg tommelkilen 4 masker inn på handflata for betre passform.