Røtter

Sei “hals” og eg tenke på den klassiske barnehalsen. Men hals kan jo vera så mykje meir har eg funne ut. Eg deltok på eit stort barselstreff i Oslo i sommar og der var det ei som hadde spøta halsen “Røtter” av Tora Frøseth. Rillestrikk med knapping i sida, enkel men samstundes fin. Eg har lenge tenkt at eg burde ha ein hals til bruk utover hausten. Når me går på tur med hundane og med baby på rygg eller mage, så er ikkje alltid sjal surra rundt halsen det mest praktiske. Og i alle fall ikkje når det regnar og eg vil trekka glidelåsen på regnjakka heilt opp.

Ein ekspedisjon til Nordhordland og Hillesvåg Ullvarefabrikk resulterte i ein god del ull med heimover. Og planen er å spøta Røtter til meg sjølv og i gåver. Oppskrifta kan kjøpast på Ravelry, eller hos Tora Frøseth.

Fyrste utgåve av Røtter er spøta i mørk brun Ask/Hifa2 frå Hillesvåg Ullvarefabrikk. Det gjekk med 60 gram på pinnar nummer 3,5. Eg trur eg skal endra pinnastorleiken til neste utgåve. Knappane er treknappar frå Knapphuset i Bergen.