Skilpadderompe

Turtle Butt – eller Skilpadderompe på norsk – var ei ny oppdaging. Rundt omkring på forum eg frekventerer, så synte strikkande mødre fram fine bleiebukser. Så fine var dei at eg måtte leita opp mønsteret og kjøpa det. Turtle Butt er designa av Melanie Hoffman, koste $5,50 USD og kan kjøpast via nettsida hennar eller på Ravelry.

Begge desse er strikka i Safirgarn frå SparKjøp og er lanolisert. Storleiken er XS og eg har nytta eit nøste til botnfargen og omlag eit halvt nøste til mønsteret.

Skilpadderompe i turkis og rosa

 

Skilpadderompe i grønt og raudt