Spinelli – hue i ull og silke

Italiensk politikar. Animert gutejente. Hue. Ein eller alle saman?

Alterio Spinelli (1907-1986) var kommunisten som vart ekskludert frå partiet. Anti-fascisten som sat fengla i 16 år før og under andre verdskrig. Politisk filosof som skreiv Ventotene-manifestet saman med Ernesto Rossi medan dei var politiske fangar. Blir i dag rekna som ein av EU sine grunnleggjarar.


Per un'Europa libera e unita. Progetto d'un manifesto.
Mot eit fritt og sameint Europa. Prosjekt for eit manifest
Altiero Spinelli, 1970
Spinelli_(2)

Ashley Funicello Spinelli er den tøffaste jenta på Third Street School. Likar å sjå på fribryting og er leiaren av Recess-gjengen. Ikkje ukjend med å bruka vald og truslar for å få viljen sin. 

Den animerte Spinelli vart sendt i norsk språkdrakt som Friminutt og gjekk på Toon Disney frå 1997-2001.

Insipratoren til Spinellihua er ikkje den italienske politikaren men derimot animasjonsfiguren. Hua er eit resultat av at designaren Chantal Miyagishima måtte ordna seg kostyme til Allehelgenskvelden og ho valgte å gå som Spinelli – gutejenta frå TV-serien. 

Tøffe jenter vil me ha fleire av!

Eg trengte ei hue som sat godt på hovudet, spesielt over øyra. Som var fin å sjå på. Som var akkurat passe varm. Eg har fleire tynne huer og fleire tjukke huer, men mangla den som var akkurat perfekt akkurat no. Ved eit reint tilfelle var eg innom Ravelry like etter Spinellihua var publisert og ho dukka opp i “nye oppskrifter”. Hua hadde det eg var på leit etter: Einsfarga hue, tjukt garn, og best av alt var det mogleg å lesa oppskrifta gratis. Chantal Miyagishima/knitatude.ca gjev deg to val når det gjeld oppskriftene: Kjøpt dei som pdf utan reklame eller les dei gratis på bloggen, men då med reklame og andre skribleri innimellom. 

Eg hadde ikkje garnet som er tilrådd. Derimot hadde eg eit supermjukt garn frå Fyberspates nemleg Chunky Scrumptious (som no er utgått). Dette er ei blanding av 55% merino og 45% silke. Garnet er eintråda, blankt og glatt. Det hadde nok vore håplaust i eit genserprosjekt men er perfekt i ei hue. Eg spøta på tynnare pinnar enn tilrådd for å få ei tett hue og for å unngå at ho skulle siga. Eg er ingen stor tilhengjar av merino og i alle fall ikkje når det er tjukt garn som er laust spunne. Det måtte eit par forsøk til før eg hadde rett antal masker til å få ei hue som sat godt på hovudet. Hua var rask å spøta – det gjekk med to dagar inkludert 3 forsøk med for mange (2 stk) og få (1 stk) masker på pinnane. 68 synte seg å vera det perfekte talet.

Spinellihua vart perfekt og akkurat i tide til at snøen kom. Lite visste eg då eg var ferdig med hua 7. november at det skulle bli lite snø i vinter. Likevel er ho god og ha sidan det har blese og regna ein del i vinter.

Spinellihue – i alle fall lausleg basert på ho

Eg endra på garn, pinnestorleik og antal masker i høve til oppskrifta. Oppskrifta kan kjøpast på Ravelry eller lesast gratis hos knitatude.ca