Tova tøfler

Ein liten berebaby treng å vera varm på føtene når me er på tur. Regn, vind eller sol er inga hindring når me må på tur med hundane våre. Vanlege sokkar både regnar og bles det gjennom, så eg fann ut eg skulle prøva meg på toving. Det er ein fyrste gong for alt… Eg nytta oppskrift på tova tøfler frå Drops og strikka i alpakka. Desse tøflene er ganske høge slik at dei går godt under dressen og det ikkje blir kalde gliper på foten eller leggen.

Etter ein runde i vaskemaskina så blir dette tova tøfler

 

Tova tøfler klare til bruk