Resultatet av tvangsspøting: Inga ull. Mykje tull

Det har vore stille her sidan eg klagde mi nød over vottespøt på Vottedagen. Vottane eg heldt på, med vart til slutt ferdige. Sidan dei er eit resultat av tvangsspøting, så er eg heller ikkje sikker på om eg nøgd med resultatet.. 

Spøtemojoen min har nemleg forsvunne. Han er heilt vekke. Det siste eg har spøta har vore meir eller mindre tvangsspøting. Eg tenkte nemleg eg skulle laga nokre smågåver. Ingen god idé synte det seg. Det har ikkje fylt meg med glede slik spøting pleier å gjera og eg har då ikkje klart å gleda meg over ferdige resultat. Og etterkvart forsvann lysta til å spøta heilt.

Det eg derimot har gjort i det siste, er å spela PlayStation. Har spelt litt Hollow Knight, eit action-eventyrspel med 7 års aldersgrense. Men så tok Dragon Age: Inquisition meg for fullt! I staden for å spøta så reiser eg rundt i Thedas saman med ein brokete gjeng. Krigarar, magikarar, tjuvar, prestar – og så meg. Målet: Å redda verda slik helten av Kirkwall (altså eg) gjorde i Dragon Age II. Så då får ull og spøt heller berre liggja medan eg reddar Thedas. 

Det er vel ingenting i vegen for at mor kastar vekk 9-åringen frå PlayStation for å ha han for seg sjølv?

Illustrasjon av person som spelar playstation
Beina på bordet og spelar PlayStation i staden for å spøta

Etterord

Det er ein stor pakke med garn på veg med posten. Eg skal spøta Villmarksgenseren av Linka Neumann til meg sjølv og gledar meg skikkeleg masse til å ta fatt på han.