Ulvelist

Med (u)jamne mellomrom er det observert ulv i kommunen vår. Ikkje noko å undrast over sidan me er nabo til Hobølreviret. På hytta derimot, er saka ei heilt anna. Der er det rev, hare, elg og ikkje minst gaupe. Men ulven har eg måtta ta ansvar for sjølv

Noko av det fyrste eg gjorde då me kjøpte oss hytte i april 2018, var å kjøpa garn! Kva er vel ei hytte utan garn? Eg hadde lenge vore frista av garnpakkane til Hillesvåg Ullvarefabrikk og endeleg var altså tida komen til å kjøpa ein. Eller fleire. No er det ingen løyndom at eg ikkje er noko glad i å spøta sokkar og difor har det gått litt treigt med framdrifta. Eg har bytta på å spøta sokkar, vottar og genser (og lese ein heil masse). Men vart no ferdig til slutt.

Eg hadde ikkje pinnar 2,5 mm då eg starta på sokkane så alt er spøta på 3,0 mm. Burde spøta ribb på 2,5 mm og hatt 3,5 mm til sjølve ulvemønsteret sidan eg spøter strammare med fleire fargar.

Som vanleg fylgde eg oppskrifta slavisk. Helen før helfellinga tok til er med andre ord to cm lenger enn han burde vera til meg. Neste gong må eg hugsa at 5 cm er langt nok.

Då eg nærma meg slutten på sokk to, så hadde eg ikkje nok brunt garn att. Det var rett og slett ikkje nok til tåfellinga. Heldigvis ingen problem sidan eg kunne rekka opp att sokk nummer ein og spøta grå tåfelling på begge sokkane.

ULVELIST!

• Hillesvåg Fjord i fargane 541 brun og 130 grå
• Hillesvåg Ask i fargen 6106 Lys varmgrå
• Garnmengd: 113 gram fjord og 8 gram Ask
• Pinnar: 3,0 mm (skulle hatt 2,5 mm til ribbekant)
• Kan kjøpast som garnpakke eller som nedlastbar oppskrift
• Design: Marsko Design for Hillesvåg Ullvarefabrikk

Garnpakken kan kjøpast hos Hillesvåg Ullvarefabrikk eller hos forhandlar. Eg kjøpte min hos Bryggerhuset i Vestby. Oppskrifta kan og kjøpast som pdf-fil.