Varm baby

Etter å ha strikka babyteppe til Maiblomen, så fekk eg lyst til å strikka enno fleire tepper. Spørsmålet er vel kor mange slike tepper eg treng sjølv. Heldigvis har eg ei venninne som snart får ei lita babyjente og som eg kunne strikka babyteppe til. Hadde teppe vore til meg sjølv så hadde eg nok strikka i effektgarn frå Kauni, men no er ikkje alle like glad i raudt, oransje og lilla som det eg er. Eg tok då turen til Nøstebarn på Midtun og kjøpte to hesper med naturbeige 2-tråds merino frå Askeladen. Dette skulle vera eit longtidsprosjekt sidan eg starta i slutten av mai og babyen ikkje kjem før i oktober. Men eg var ferdig no i midten av juli.

Teppet er strikka etter mønsteret #1904 Babyteppe i Strikk til Nøstebarn og strikka på skrå. Så eg har starta i eit hjørne, auka til eg har strikka halvvegs og deretter felt av. Rundt heile teppe er det holrad.

Byrjinga på babyteppe

 

babyteppe
Ferdig

 

Klart til å bli gjeve vekk