Veksejakke til Storebror

Storebror syntes det vart for mykje spøting til magebuaren. Så i Påsken, dvs rundt termindatoen, starta eg opp med ei veksejakke til Storebror. Eg vart ikkje ferdig med jakka til Maiblomen sin fødsel, men strikka iherdig både på barsel og etter at me kom heim. Alternerte jo med alle bleiebuksene eg hadde på pinnane, men blei ferdig til slutt.

Jakka er henta frå Strikk til Nøstebarn, oppskrift #1921 Veksejakke, men her går oppskrifta berre opp til 3-5 år. Så då måtte eg improvisera. Storebror ville gjerne ha grå jakke med oransje hette og til denne bestilte eg garn frå 123knit – Filcolana New Zealand Lammeuld  i fargane antrasitt og curry. Knappane er kjøpt på Pinnsvin Design.

 

Ferdig veksejakke til Storebror

 

Katteknappar på veksejakka

 

Dette var endringane eg gjorde ut i frå oppskrifta i Strikk til Nøstebarn

  • Eg la opp 36 masker og auka til 48 etter bråtet
  • Auka annakvar cm på armen til 70 masker og strikka til det var 34 cm langt. Kunne nok med fordel strikka det lengre
  • Auka 70 masker i kvar side til totalt 210 m og strikka 13 cm vidare
  • Halsfelling: Fell 7m frå midten på 1.p og deretter som oppskrifta. Strikka vidare til framstykket var 19,5 cm
  • Høgre framstykke: La opp 96 masker og strikka som i oppskrifta – auka 9 maskar i samband med halsen
  • Strikka 13 cm på ryggen før eg sat høgre framstykke saman med resten og strikka nye 13 cm (totalt 39 cm på ryggen
  • Felte 70 masker i kvar side og strikka andre armen
  • Armen: felte ei maske kvar andre cm til totalt 48 masker (og 34 cm). Felte deretter 12 m jamnt fordelt og strikka brotet
  • Hetta: Tok opp 70 masker og strikka (nesten) etter oppskrifta. Måtte justera litt på fellinga slik at det blei deleleg med 12 (hadde gløymt den detaljen då eg plukka opp masker)