Vinterferie med nytt skjerf

Gut forlangte skjerf og sat krav om at det måtte vera mjukt. Mor hadde då kun ein ting å gjera: spøta til den storforlangande guten.

I joleferien lånte yngstemann eit sjal på hytta. Det var stort, trekanta og mjukt. Nesten perfekt for ein åtteåring. Han var ikkje så begeistra for forma eller det fine hòlmønsteret, ville heller ha eit langt skjerf som var breiare på midten enn endane. Heldigvis visste eg råd, og då me kom heim var det berre å setja i gang. Hadde eit nøste med Abuelita tynn merino liggjande etter eg spøta Kjekkasgenser til eldstemann. Garnet oppfylte det viktigaste kravet til yngstemann, nemleg at det var mjukt. Skjerfet vart ferdig i god tid til vinterferien. Det blei mykje vêr i ferien, mykje vind og mykje snø, så godt med eit varmt skjerf over haka.

Her heime har det vore ekstremt dårleg med ski og snø denne sesongen og då var det ekstra fint å koma på hytta kor det var rikeleg med snø. Og det kom enno meir den veka me var der. Det blei aketurar og skiturar, sløving i sofaen og brettspel.

🧡Riddarbu 🧡

Triangelskjerf

Eg la opp 2 masker og spøta riller. Auka 1 maske i byrjinga av kvar fjerde pinne (andre rille) til skjerfet var halvparten av ønska lengd. Starta då å fella med ei maske i byrjinga av kvar fjerde pinne til eg hadde to masker att.

Talenta innan teikning kan ikkje måla seg med spøtinga. Sjalet blir ikkje like usymmetrisk som dette