Vinterferievottar

Vinteren her på Strilalandet har ikkje vore så veldig kvit. Det har akkurat vore nok snø til eit par turar i akebakken; ein tur kor hundane våre trakk akebrett og to rundar kring huset vårt på ski. Med andre ord har ikkje vintertøyet vore det mest nytta tøyet denne vinteren. Men når Storebror skal på vinterferie til farmor og farfar, som har godt med snø, så måtte eg kasta meg rundt og ordna det som mangla.

Både Storebror og eg er veldig glad i Hestravottane våre. Og det fine er at ullvottane inni kan bytast ut når dei er våte eller utslitne. No har det ikkje vore så mykje vottever her at ullvottane er utslitne, det er meir sannsynleg at dei vert våte. Før Storebror sat seg på flyet måtte eg altså spøta han eit par vottar.

Sidan eg trengte eit spøt som tok kort tid å fullføra og som eg hadde garn til enda eg med Rillestrikka vottar frå boka Strikk til Nøstebarn. Vottane er som namnet seier, rillespøta og sydd saman i kanten til slutt. Eg har spøta dei på pinnar 3,5 og 4,0 mm med dobbel tråd Filcolana New Zealand Lammeuld i fargane Curry (#311) og Anthracite (#122). Totalt gjekk det med 20 g av kvar farge til storleik 6-8 år.