Ynskjelista mi

Ynskjelista mi!

For dei som lurer på kva dei skal kjøpa i gåve til meg (sånn i tillegg til ullundertøy frå Devold og garn), så har eg laga denne ynskjelista.

Dei strikkebøkene eg er mest glad i er samstundes dei eg kan læra noko av. Historisk bakgrunn og utvikling av mønstera. Kvifor er akkurat denne ulla og dette garnet nytta. Kor kjem mønsteret frå opphaveleg. Rett og slett bøker med ein teoriseksjon før det blir fine bilete og oppskrifter.