Dårleg start på 2012

Eg har spøta i veg i 2012. Vore optimistisk og hatt god flyt i arbeidet mitt. Eg vart ferdig med Mariusdressen til Maiblomen i midten av januar. Den kjensla eg fekk inni meg var heilt fantastisk – ferdig med dressen, eg som aldri hadde gjort det før. Det einaste som stod att var monteringa og eg var ikkje redd for å gje meg i kast med ho. Eg som aldri har montert ved hjelp av saks og symaskin før.

Og så såg eg det! Sjølve mønsterborda var ikkje fin. Eg gav det nokre dagar for å modnast, men innsåg at eg må rekka opp att. Som dronninga av utsetjingar, så har eg ignorert det og heller heldt på med det andre prosjektet mitt.

Ego-prosjektet Swing til meg sjølv. Spøta og spøta medan eg har sett på Stargate Universe, Caprica og Farscape. Kost meg med spøt, kaffi og sci-fi. Heilt perfekt vinter når det ikkje er snø ute. Vart ferdig idag med det fine skjørtet mitt. Etter kvart som eg kom nærare og nærare slutten så undra eg meg over storleiken. Eg syntes det såg så stort ut. Og då eg var ferdig så måtte eg bare innsjå det – eg har spøta ein storleik for stor 🙁 Då eg målte livvidda før eg la opp, så kontrollmålte eg berre for å vera heilt sikker. Og begge gongene fekk eg same mål. Og nei, eg har ikkje gått ned 15 cm rundt livet sidan før jul. Eg har berre målt heilt heilt feil. Og skjørtet er alt for stort og eg kjem til å verta missnøgd dersom eg ikkje rekk opp att og starte heilt på nytt. Men fyrst må eg rekka opp att Mariusdressen.

No er eg surpomp som ser slik ut…

Angry red
Angry red av gwenboul