Grøn haustgenser

Det perfekte spøtet å ha med på Bybanen

Ingenting er så tilfredsstillande som å bli ferdig med ein ny genser. Ikkje minst fordi eg aldri har spøta ein genser så raskt som denne. Ein – To – Tre og så var han ferdig.

Nesten.

Kun ein ting stod att. Å festa trådane. Dagane gjekk. Genseren vart flytta frå sofaen, til bordet, til tørkestativet. Tre veker (!) tok det før han var tilbake i sofaen og eg festa trådane. Sanninga er at det ikkje var fleire enn 22 trådar på heile genseren. 22 fleire enn eg orka den dagen eg jubla fordi eg hadde spøta genser til megsjølv på 9 dagar.

Endeleg

Endeleg er han ferdig. Endeleg er trådane festa. Genseren skylt opp og tørka. Klar til bruk. Etter sumaren som aldri tok slutt så byrjar det bli haust. Og hausten er perfekt for ein genser i dansk pelsull. Varmt og godt 🙂

Dette var fyrste gongen eg spøta med dansk pelsuld 8/2 frå Hjelholts uldspinderi. Tidlegare har eg spøta med 2-tråda fargeskiftsgarn frå Hjelholts og det var fristande å prøva andre garn frå same spinneri. Både dansk pelsuld og det 2-tråda fargeskiftsgarnet er ei blanding av ull frå gotlandsk pelsfår og merino frå Falklandsøyane. Dette var fyrste gong eg skulle spøta med garnet og eg ville ha ei oppskrift som var skriven til akkurat dette. Så kan eg heller seinare rekna, måla og tilpassa til andre oppskrifter. For det skal heilt sikkert bli seinare ((har litt garn ja…))

Eg fann Stribet kjole av Ellen Holm. Ei gratis oppskrift publisert i Hendes Verden 33/2013. Kjolen er enkel å spøta ovanfrå og ned med raglandsauking. Eg tok utgangspunkt i kjoleoppskrifta men la til figurforming i livet og spøta til passe lang genser. Kjolen har korte ermer – eg spøta dei lange. Eg starta fellinga på erma etter fem cm; to gonger kvar åttande omgang og deretter kvar femte omgang. Eg kunne med føremon felt sjeldnare sidan erma vart litt smale. Då veit eg det til neste gong.

Grøn genser mellom grøne vekster.

Sjølvdyrka fersken frå hagen
Stribete kjole blir genser

  • Dansk pelsuld 8/2 frå Hjelholts Uldspinderi i fargane oliven, mørk grønn og jægergrønn
  • Totalt 198 gram
  • Pinnar 2,5 og 3,5 mm
  • Modifisering: Forma i livet og avslutta ved passe lang genserlengd. Lange ermer

Kjolen er designa av Ellen Holm og er ei gratisoppskrift. Ho kan finnast via Ravelry eller direkte på Hendes Verden Online