Julegåvespøt: Sitkagranhue

Julegåvespøt! Sjølv om eg er glad i ull og spøt, så er det sjeldan eg gjev vekk heimespøta gåver. Eg må vera heilt 100% sikker på at det er noko mottakar ynskjer og vil bruka. Å spøta skuffefyll er ikkje så veldig oppløftande og då kjøper eg heller gåver.

Eg har ei svigerinne som såg hua eg spøta av ulla frå Tansy, Aster og Pansy og spurte så fint om eg kunne spøta hue i julegåve til ho. Sjølvsagt! Klart eg spøter hue i julegåve til nokon som ynskjer seg det. Mottakaren hadde eitt einaste krav: Hua skulle ha ekstremt låg kløfaktor. Litt sending av SMSar fram og tilbake om farge og fasong og så var resten opp til meg. Garn med låg kløfaktor kan vera vanskeleg å finna i hylla mi, her er det mest skikkeleg ull av hardføre sauer. Heldigvis hadde eg litt Malabrigo worsted liggjande – det perfekte garnet til ei hue med låg kløfaktor.

Eg landa på hua Sitka Spruce av Alexa Ludeman og Emily Wessel (Tin Can Knits). Hua har strukturmønster med felling mot venstre og høgre og aukingar og dannar stilserte granskot. Eg spøta den lausaste varianten av hua og la i tillegg til ein halv mønsterrepetisjon for å få ho litt lenger.

Bamse fekk den store æra av å sitja modell i snøen. Og naboane fekk noko å snakka om der dei lurte på kva eg dreiv på med.

Sitka Spruce

  • Malabrigo worsted i fargen Glazed carrot
  • Totalt 73 gram
  • Pinnar 4,5 og 5,0 mm
  • Modifisering: La til ein halv mønsterrepetisjon for å få hua lenger. Deretter spegelvende eg mønsteret i fellinga for å få dette til å gå opp med den halve mønsterrepetisjonen.

Hua er designa av Alexa Ludeman og Emily Wessel i Tin Can Knits. Ho kan kjøpast på Ravelry anten som sjølvstendig mønster eller som ein del av (e)boka Pacific Knits.