Ottoen

Fair isle-mønster er mønsterspøt med fleire fargar og kjem frå øya Fair Isle som er ein del av Shetlandsøyane.

I Storbritania vart denne typen mønsterspøt gjort populært då den dåverande Prinsen av Wales (seinare  Edward VIII) nytta det offentleg på 1920-talet. På 1940-talet vart det mangel på garn i Storbritania og fair isle-mønster fekk ein oppsving sidan det gjorde det enkelt å nytta garnrestar og opprekksgarn frå andre prosjekt.

Otto Short-Sleeved Pullover er ein korterma genser med tradisjonelt fair isle-mønster frå 1947. Oppskrifta er å finna i boka “Vintage Baby Knits – More Than 40 Heirloom Patterns from the 1920s to the 1950s” av Kristen Rengren. Oppskrifta gjev to storleikar å velgja mellom;  3-6 månadar og 6-12 månadar. Sidan Maiblomen er ein stor baby la eg opp fleire masker, 2 mønsterrapportar ekstra på både fram- og bakstykket, og kontrollerte lengd og masker mot genserane i Nøstebarnboka. Eg spøta rundt på bolen opp til ermholene, fram og tilbake derifrå og maska saman på skuldrene. Halsopninga er felt litt annleis i høve til oppskrifta og eg plukka opp masker kring ermholene for og spøta rundt. Eg like ikkje sy saman seinare så då spøte eg heller på sokkapinnar. Ottoen er spøta i Askeladen 2-tråd merino (Nøstebarn) i fargane mørk grøn og rust.

Ottoen er ikkje bare ein korterma genser i mønsterspøt. Ottoen er og ein byorginal i Bergen. Ein mann som fortene å bli sett, ikkje berre stirra på. Dag-Geir Bergsvik Knudsen har skrive Ottoen en Bergensk original og innlegget fortene så absolutt å bli lese av fleire.

Lagt til desember 2017: Den fine teksten om Ottoen er ikkje lenger å finna på Knudsen sin blogg. Synd, han fortener framleis å bli lesen av fleire.