Vottedagen – feiring og surmuling på ein og same dag

Vottedagen! Kva er vel ein betre måte å feira vottedagen den 14. oktober på, enn å skryta av eit par nyspøta vottar?

Forutsetjinga for votteskryt på vottedagen er jo sjølvsagt å ha eit par nyspøta vottar.

Eg skal spøta eit par herrevottar. Enkle, einsfarga utan noko tull eller fiksfakseri. Garnet er Fado frå den franske produsenten Fonty – ull utan tull i ei blanding av Arles merino og merino frå Portugal. Arles merino må ikkje forvekslast med Rambouillet, ein annan av dei fire franske merinorasane som vart utvikla etter at Louis XIV fekk overtalt spanskekongen til å selgja han litt spansk merino.

Tilbake til poenget: Enkle herrevottar

Rettare sagt: Burde vore enkelt. Eg har ikkje mønster som er laga til garnet men har ei anna votteoppskrift som passar – Valanarvottane som eg har spøta til meg sjølv. Dei har perfekt passform til meg som likar smale vottar, men herrestorleiken vart litt for smale til ei herrehand. Då var det bare å rekka opp og starta på nytt. Neste forsøk var på mønsteret 3 Stitch Waffle Mittens. Gjekk ikkje så bra det heller ettersom dei vart alt for store.

Brun vott med flettemønster liggande på eit trebord og med drueblad i bakgrunnen
For smale
Brun vott med rosa strikkepinnar liggande på ei grøn sofa
Alt for store

Og no er Marianne sur altså! Blir ikkje mykje feiring av vottedagen av dette. Marianne har ikkje eingong gidda å prøvd å ta bilete i ok lys. Og grøn sofa blir blå med litt dårleg lys og mobilkamera og ingen fiksing av fargar i Lightroom. Så lagde ein liten videosnutt for å visa at eg ikkje var i perlehumør.

PS Vottedagen er og gjebursdagen min. Eg fekk god middag og vin og verdas beste gjebursdagsgåve – Nina Petrina sin Adventskalender i pelsull. Så ikkje berre surmuling denne dagen.