Aritmetikk og spøt!
Eg har alltid meint at prøvelapp er for pingler. Utan lygekryss så har eg meint at prøvelapp berre tek vekk viktig tid. Tid som eg kan nytta til spøting. Spøta det eg faktisk skal spøta. Difor har eg ikkje laga prøvelapp og heller starta rett på prosjektet.
Eg skal spøta ein gensar i gåve. Vaksengensar. Og eg vil for alt i verda ungå å måtta rekka opp att og spøta på nytt fordi han ikkje passar. Fordi eg har feil strikkefasthet ((kva i alle dagar heiter dette på nynorsk? spenning?)). Garnet er Álafosslopi
frå Istex. På pinnar 6 så er det oppgjeve å ha 13 maskar pr 10 cm. Eg fekk 14 maskar pr 10 cm. 1 maske meir. Kor mykje kan dette ha å sei for det ferdige produktet? Ærleg tala, ei maska?
Som den naturvitaren eg er, så måtte eg rekna litt på dette. Storleiken eg skal laga har ein omkrins kring bringa på 98 cm på 128 masker. Sidan mi strikkefasthet er på 14m/10 cm må eg ta det med i likninga. Enkel matematikk:
- Eg treng ikkje rekka opp att ein ferdig gensar som var for liten, og ikkje minst
- Eg treng ikkje laga ny prøvelapp med ein anna pinnestorleik.
Matematikk er viktig!