For dei som lurer på kva dei skal kjøpa i gåve til meg (sånn i tillegg til ullundertøy frå Devold og garn), så har eg laga denne ynskjelista.
Dei strikkebøkene eg er mest glad i er samstundes dei eg kan læra noko av. Historisk bakgrunn og utvikling av mønstera. Kvifor er akkurat denne ulla og dette garnet nytta. Kor kjem mønsteret frå opphaveleg. Rett og slett bøker med ein teoriseksjon før det blir fine bilete og oppskrifter.
Utgjeven på Museumsforlaget i 2016. ISBN 9788283050370
Historia til selbuvottane og kva som kjenneteiknar selbuvottar. Det er ei enorm mengde diagram som kan brukast til både vottar og andre ting ein vil spøta.
Selbumønster
Anne Bårdsgård.
Utgjeven på Museumsforlaget i 2020. ISBN 9788283050882
Kva er eit selbumønster og korleis kan det nyttast?
Denne boka er ei mønstersamling med inspirasjon til nye plagg med tradisjonelle mønster. Boka inneheld over 450 unike mønster og grunnoppskrifter.
Norsk Strikkehistorie er ei vidareutvikling av Ren ull. Fyrstnemnte er å finna i bokhylla mi men eg har likevel lyst på Ren Ull. Boka vart utgjeven på Aschehoug forlag i 2013 men er diverre utseld frå forlaget no. Så håpet er å finna nokon som har fått boka i gåve og ikkje ser verdien i ho.