Vottar i August
Storebror i huset er veldig glad i ull og i fargerike klede. Då me var på besøk hos Oldemor så kom han med ynskje om nye vottar til hausten. Det er ofte sur vind i tillegg til regnet her på Strilalandet, så ullvottar bles det ofte gjennom. Så då vart det nok ein gong at eg gjere noko for aller fyrste gong – tova vottar.
Vottane er spøta i Hjertegarn Incaull og fargane er perfekte for ein gut som er glad i fargar. Her er favorittfargane hans samla – oransje og lilla med litt rosa i tillegg.
Vottane er spøta i storleik 7-9 år og skulle absolutt vore passelege til ein liten 6-åring. Diverre tova incaulla så kraftig (på 40 gradar) at vottane er for små til Storebror. Då må dei anten gjevast vekk eller dei får liggje og vente til Maiblomen har vakse i dei.