Enkel raglangenser
Raglangenser tilpassa mine mål i haustfargar. Tjukt garn og tjukke pinnar. Rask å spøta. Den perfekte haustgenseren rett og slett. Oppskrifta er heilt genial og genseren kan spøtast i alle typar garn og med alle pinnar. Bortsett frå eigne mål, er det kun ein viktig ting å vita: nemleg strikkefasthet. Dette er med andre ord ein raglangenser kor ein må spøta prøvelapp.
Hausten
Hausten er ei fin tid. Fargane endrar seg frå nyansar av grønt til nyansar i raudt, oransje og brunt. Det er rett og slett ei fargerik tid. Hagen endrar seg. Sommarblomane er avløyst av haustblomar, svartsurbær og druer er modne og fuglane plukkar raskare enn oss. I skogen og på fjellet er det modne bær i mengder. Heldigvis er husbonden glad i å plukka bær og frysaren vert fylt opp med tytebær, blåbær og krekling. Medan han plukkar og står for matauk, har eg sløva i lyngen med med spøt og bok. Ein perfekt kombinasjon og alle er fornøgd.
Haustgenseren
Haustgenseren er spøta ovanfrå og ned med raglansaukingar. Garnet kjøpte eg på jobbtur til Kongens by i 2014 og eg spøta genseren den komande vinteren. Etter at me flytta i 2015 var absolutt alt ulltøy og garn ein tur innom frysaren før det fekk koma i hus. Me hadde nemleg møll på Hammarsland! Dei sinnsjukt irriterande små, flygande insekta skulle ikkje vera med på flyttelasset hit, og alt av ulltøy og garn fekk då 48 timar i frysaren. Diverre hamna haustgensaren min i ein kasse eg pakka vekk “inntil vidare”. Lukka var stor og jubelen sto i taket då eg kom over han medan eg leita etter den forsvunne bunadsskjorta mi.
Haustgenseren er nok ein gong teken i bruk!
Hjelholt sitt 2-tråda fargeskiftgarn er eit blandingsgarn av gotlandsk pelssau og merino frå Falklandsøyane. Det er tjukt, varmt og overraskande lett. Kløterskelen min er høg så eg klør heller ikkje av å ha dette rett på huda.
Enkel raglangenser
- Mønster: Genser i 8 steg
- Garn: Hjelholts Uldspinderi 2 trådet farveskiftegarn
- Pinnar: 4,0mm og 5,0 mm
- Garnmengd: 457 g
- Design: Unni Cathrine Eiken/Malsen og mor
Mønsteret er utarbeida av Unni Cathrine Eiken/Malsen og Mor og er å finna på Ravelry (gratis). Som nemnt kan alle garn nyttast og det einaste ein må vita utanom eigne mål, er strikkefasthet slik at ein får ein genser som passar perfekt.
Eg spøta genseren høgare bak i nakken ved å laga kortrader. Fargeskiftsgarn kan vera utfordrande å spøta med når ein vil at begge erma skal vera ein naturleg forlenging av berestykket. Eg nøsta og nøsta for å koma til den rette staden i nøsta slik at det blei ein umerkeleg overgang mellom berestykket og erma.