Sockgate Atlantis
Heilt sidan eg starta å vaska mine eigne klede så har eg lurt på kva som skjer med dei manglande sokkane. Altså, eg putte skitne klede inn i vaskemaskina og starte opp. Ut kjem reine klede, men når eg heng opp så manglar det gjerne ein sokk. Kva i alle dagar er det som skjer? Hadde eg sett Maia til å passa på klesvasken mi så hadde eg jo forstått at det forsvann ein sokk og to. Newfoundlandshunden Maia er trass alt omnivor... Men alt eg gjere er jo å putta kleda min inn i vaskemaskina for så å ta dei ut att seinare.
Heldigvis har mysteriet no vorte løyst!
Ein dag eg surra rundt og las inne på Ravelry så fann eg ut at det er andre som spøte og ser sci-fi samstundes. Som like dei same seriane som eg gjere og av den grunn har sett på timesvis med Stargate. Både SG-1, Atlantis og Universe.
Vaskemaskintrommelen er jo sjølvsagt ein Stargate! Til trass for at eg har sett alle sesongane av Stargate SG-1 på rappen og seinare både Stargate Atlantis og Stargate Universe, så hadde eg enno ikkje sett samanhengen. Det var på bloggen The Matching Sock at eg fekk løysinga. Som ho sjølv seier her,
Well, one day, after my sixth or seventh load of laundry, I looked at the washing machine and thought:
(you can do this using Colonel Sheppard´s voice, if you like)¨You know…that kinda looks like a Stargate…“
and then
¨I wonder if that is where all our matching socks have gone??¨
Etter at sokkane har teke steget inn i Sockgate’en på vaskerommet så reise dei vidare frå Mjølkevegen til Pegasusgalaksen. Frå Sockgate til Sockgate. Mellom Mjølkevegen og Pegaususgalaksen, i ingenmannsland, er det ein mellomstasjon for å gjera det mogleg å reisa mellom galaksane. Vil nokon gong dei manglande sokkane dukka opp?