Curly Purly’ar

Etter at eg hadde strikka Skilpadderompene, så var eg på kjøret. Sjølvsagt måtte Maiblomen (magebuaren var i utgangspunktet ein Påskebolle men blei til slutt ein Maiblom) ha fleire bleiebukser. Så meir Safirgarn frå Sparkjøp vart kjøpt inn og jakta på mønster starta. Eg enda opp med Curly Purly designa av Marnie Ann Joyce. Og best av alt er at det er gratis :). Mønsteret kan finnast her (pdf-fil).

Eg strikka fyrst ei nyfødtbukse, men det synte seg raskt at den store Maiblomen var for stor til ho. Så måtte strikka ei større, stripete til han. Skilpadderompene er superkule men eg synest at passforma på curlypurly’ane er betre med brettebleier til.

 

Curly Purly i storleik nyfødt

 

Curly Purly i storleik liten