Om

Ull utan tull!

Rein ull. Ull som har gått frå sau, via vask, karding og spinning (og eventuelt farging) til garn eg kan kjøpa. Ull som ikkje er superwashbehandla. Ull utan tull. 

Dei siste åra har eg vorte meir og meir medviten på kva type garn eg kjøper. Kvar kjem ulla frå – kor er det produsert. Aller helst kjøper eg garn som er laga av ull frå norske sauer. Då er garnet kortreist, det er ikkje brukt pesticid på sauene og framstillinga av ferdig garn er regulert i produksjonskrava til tekstilindustrien. Store leverandørar som Hillesvåg Ullvarefabrikk og Rauma Ullvarefabrikk levere garn i dei fleste kvalitetar. For ikkje gløyme dei små spinneria som Telespinn, Lofoten wool, Selbu Spinneri, Oslo Mikrospinneri som spinn garn frå det tynnaste luksusgarnet til tjukt garn som blir solide ytterplagg.

Av og til kjøper eg garn som ikkje har opphav i Noreg. Anten det er ferdig garn som er importert eller ulla er importert for spinning her i Noreg. Då vil eg vita kvar ho kjem frå. Er det til dømes merino, så kjøper eg berre garn som kan sporast til Sør-Amerika, Europa eller New Zealand kor mulesing er forbode.

Rundt om i verda er det mange er det mange små garnprodusentar, spinnarar og fargarar eller butikkar som sel garn eg ynskjer meg men ikkje får i Noreg. Når eg eller (som oftast) husbonden er ute og reis, så har eg kjøpt slikt lokalt garn med heim. Desse ferdaminnene blir så omgjort til høgt elska skattar.

Men. Det er alltid eit men. 

Av og til må eg rett og slett kjøpa garn som er superwashbehandla. Både Sandnes Garn, Rauma Garn og Hillesvåg Ullvarefabrikk har nylonforsterka ullgarn som ikkje er superwashbehandla, men dei har alle strikkefasthet på 20-24 masker pr 10 cm. Det er ikkje godt nok. Eg vil nemleg ha tynt ullgarn til å spøta sokkar med. Og det må vera nylonforsterka for eg slit alt for fort hol i sokkane mine uansett.

Og difor må eg av og til kjøpa ull med tull. 

Bortsett frå å spøta og vera oppteken av garn, så har eg ein husbond, to gutar, ein hund, ein katt og ein milion hybelkaniner. Hage som eg likar å jobba i og ein skog eg likar å gå i. Men ingenting kan måla seg med fjellet, og der er eg så heldig at me faktisk har hytte på fjellet i eit snøsikkert område. 

Etter mange år på Vestlandet er eg no ein Stril i Eksil austpå. Her er stabilt vêr både vinter og sumar, samt skog. Mykje skog. Stort fråver av fjell og skuffande lite skikkeleg vêr med regn og vind. Sett vekk frå dette, så er det ein super stad me har busett oss.

husarbeid