Veksejakke

Veksejakke i rillestrikk. Heilt genialt fordi det blir lite montering og eg slepp hatprosjektet mitt – montering av armar. Bare strikka fram og tilbake frå brotet på den eine armen til brotet på den andre armen og så sy saman i sidene til slutt. Magebabyen har fått veksejakke i Mini Alpakka frå Sandnes – oppskrift #1921 Veksejakke i Strikk til Nøstebarn. Knappane trur eg vart kjøpt på Stoff og Stil ein gong for lenge sidan

 

Veksejakke i Mini Alpakka
Sjiraffknappar på veksejakka

 

På grunn av manglande baby, så måtte Baff sitja modell for jakka

Baff er modell for veksejakka