Av og til-spøtet

Eg er ingen monogam spøtar som held meg til eit prosjekt om gongen. Heldigvis er det greit å ha litt fleire småprosjekt på si. Bonusen med å ha noko på si, er at det blir fine gåver

Eg føretrekk å spøta store plagg som genserar eller trøyer. Lange strekk med same mønsteret eller einsfarga. Jo større jo betre.  

Men eg skal innrømma at det av og til er upraktisk å ha med store prosjekt. Av og til blir eg litt lei av det eg spøter på og treng pauseunderhaldning. Av og til veit eg rett og slett ikkje kva eg skal spøta. Og i desse av og til-situasjonane er det greitt med enkle prosjekt som er fort gjort. I tillegg er dei fine og eg får brukt opp restegarn. Ikkje minst er det ein ekstra bonus at desse småprosjekta er fine gåver å gje vekk.

Handleddsvarmarar

Det er tidspunkt kor vottar ikkje alltid er like praktisk. Som når ein skal jobba på macen sin og frys. Eller når ein er invitert på besøk og har på finkleda. Spela cello med vottar på kan og vera himla upraktisk. Det er heller ikkje så enkelt å spøta med vottar på. I alle desse situasjonane kan kroppstemperaturen reddast med handleddsvarmarar.

Drops design har ei enkel oppskrift med holmønster. Orginalgarnet i oppskrifta er alpakka og fyrste forsøk vart gjort med det. Fullstendig håplaust og eg kasta heile greia! Nye forsøk vart gjort med skikkeleg garn (altså ull utan tull frå sau) og då gjekk det mykje betre. Eg har spøta fleire par i Shetland Soft frå Malsen og Mor og får fine handleddsvarmarar som kan nyttast til både kvardag og fest. 

Mønsteret er enkelt blondespøt som er lett å koma inn i. Eg har både følgt oppskrifta og lagt opp fleire masker slik at rapportane vert både breiare og høgare. Slik sett er mønsteret enkelt å tilpassa ulike armar og handledd. Korte handleddsvarmarar eller lengre som går eit stykke opp på underarmane. På pinnar 2,5 mm vart dei ganske faste og sit godt på handledda medan på pinnar 3,0 så var dei litt meir romslege og passar betre som lange handleddsvarmarar.

Handleddsvarmarar til ein fantastisk cellolærar

Barnehagen til yngstemann hadde besøk av cellisten Liv Frengstad som synte førestillinga Den magiske strengen. Han kom heim med stjerner i augo og forlangte! at me skulle kjøpa cello til han. Eit litt dyrt forslag så me landa på eit kompromiss om at han kunne spela cello i kulturskulen. I to år vart han så undervist av Liv – ein fantastisk tolmodig pedagog og ikkje minst dyktig cellist. Yngstemann koste seg med å laga musikk, læra notar og lytta til klassisk, men undervisning i klassisk var ikkje heilt hans ting. Så verdast mest tolmodige cellolærar fekk vinraude handleddsvarmarar i gåve då han slutta. Og me har fått ein gut som er glad i klassisk og som gjerne går på konsertar. 

Enkle haustvottar

Eg har spøta fleire “enkle” haustvottar etter oppskrift av den islandske designaren Halldora J. Sidan eg skreiv om dei sist, har eg spøta nok eit par i Ask frå Hillesvåg. Vottane er raske å spøta, er fine og perfekt til å ha liggjande for å gje vekk. 

Handleddsvarmarar

Handleddsvarmarane er eit gratismønster frå Drops Design. Dei vinraude cellovarmarane er spøta på pinnar 3,0 mm og dei andre på pinnar 2,5 mm. To av para er 6 rapportar høge medan det siste er 8 rapportar og går såleis høgare opp på armen. 

Enkle haustvottar

Vottane er eit gratismønster på Ravalry. Eg la opp 8 ekstra masker; 2 i kvar mønsterrapport og 4 på handflata. Kvar mønsterrapport vart då 10 omgongar. Flytta tommelkilen 4 masker inn i handflata og auka tommelkilen til 21 masker.