Aviatrix

Som Dronninga av Utsetjingar og med skikkeleg dårleg start på 2012, så måtte eg ha eit prosjekt å fullføra som faktisk vart vellukka. Og så får eg heller rekka opp Mariusdressen og Swing seinare. Maiblomen treng ei hue som passar under hetta på dressen hans, duskehue er ikkje så behageleg å ha på når hetta må strammast så ho ikkje bles av. Det fine med Ravelry er jo alle gratisoppskriftene som finst der, så denne gongen vart det Aviatrix av Justine Turner til Maiblomen.

Aviatrix er rask å spøta, eg brukte ein og ein halv dag, og ho vert spøta fram og tilbake utan ein einaste saum å sy til slutt. Etter at sjølve hua er ferdig så skal det plukkast opp masker for å laga øyreklaffene og hakesnora. Eg hadde litt restegarn etter Kjekkasgenseren til Storebror, så hua er spøta i Abuelita 3-tråds merino  på pinnar 3,5 og 4,0 mm. Denne gongen sjekka eg faktisk strikkefastheta før eg sat i gong. Ville ikkje få enno eit prosjekt å rekka opp att… Og så fann eg ein giraffknapp, den einaste eg hadde som passa i knappholet. Hua er spøta i storleik 18 månadar. Ho er litt stor men vil bli perfekt utover våren. No passar ho godt under hetta på utedressen når det bles og regnar (og kanskje snør litt) her ute.

Utebileta er tekne i hagen vår 16. februar 2012. Det ser ut som våren er komen, men det er framleis vinter. Og eg går rundt og håpe på at det kjem meir snø så eg faktisk kan få aka i år óg.