California Variegated Mutant – og vottar

Usikker på utvalget av smale? Finn du ikkje det du er ute etter? Heldigvis er det enkelt å gjera noko med – du bare lagar din eigen. Og med litt målretta avl så har du til og med ein suksessfull mutant i floren din.

For rett over hundre år sidan (meir nøyaktig i 1915), var Verdsutstillinga i San Fransisco. Utstillinga hadde det offisielle namnet Panama-Pacific International Exposition og var ei feiring av opninga av Panamakanalen så vel som å visa fram det gjenreiste San Fransisco etter det store jordskjelvet i 1906. Her kunne ein sjå det fyrste damplokomotivet som Southern Pacific Railroad kjøpte. Det vart opna ei telefonline til New York slik at folk på austkysten kunne høyra Stillehavet. Liberty Bell reiste med tog frå Philadelphia. Med andre ord ein stor og viktig utstilling. Og til denne viktige utstillinga hadde New Zealand med dei viktigaste dei hadde: Smale! Ein stor flokk romney for å vera nøyaktig. Rett til vottane

Bonden A.T. Spencer vart så fasinert at han kjøpte alle romneybukkane. Han kryssa dei med rambouilletsøyene han hadde heime på garden i håp om at langhåra romney skulle gje lengre ull hos lamma. Og det verka! Mange år med nøye avl gav rasen Romeldale; ein rase med kvit ull, tynne og lange ullfiber og høgt utbytte både av ull og kjøt. 

Spol raskt fram til 1960-talet.

Spencer sin flokk var teken over av mellom Glen Eidman og J. K. Sexton og dei hadde halde fram avlsarbeidet Spencer starta. Eidman oppdaga eit fleirfarga søyelam i ein flokk med reinrasa Romeldale.  Han hadde is i magen og to år seinare fekk han eit verlam med same fargeteikningane. Nitidig avlsarbeid og fleire mutantar gav etterkvart ein stabil smaleflokk  som var opphavet til rasen California Variegated Mutant. 

Rask spoling fram til 1982.

Eidman sin flokk av reinrasa CVM besto av 75 individ som vart fordelt på ein dusin oppkjøparar. Nokre av desse oppkjøparane kryssa CVM med rambouillet, lincoln, suffolk og ei rekke andre rasar. Heldigvis var det oppkjøparar som såg verdien i denne romeldalemutanten og jobba for å vidareutvikla CVM utan å blanda inn andre rasar. 

CVM lam med grevlingmarkeringar i andlete og mørke bein

Ny rask spoling til i dag.

California Variegated Mutant er i dag på lista over bevaringsverdige rasar. Entusiastar, både i USA og resten av verda, jobbar med å halda rasen på eit levedyktig nivå og i dag er han lista som trua hos The Livestock Concervancy.  Det er færre enn 1000 årlege registreringar i USA og globalt under 5000 individ. Arbeidet som vert gjort har ført til ein rase som har har god slaktevekt, enkel lamming med tvillingfødslar og ein pelsfell som har god krus og lange lokkar. Ulla har eit spinnetal (Bradford/spinning count) på 60-64 og ulldiameter mellom 20,60 og 24,94 µm. Låg micon tyder at ulla er mjuk og kan vera rett på kroppen, altså av merinokvalitet. Det er her kryssinga av dei to rasane i 1915 syner seg. Frå romney kjem god krus og lange lokkar medan rambouillet bidrar med ull av merinokvalitet.

CVM har ulike fargevariasjonar inkludert grå (lys og mørk), svart, brun og raudbrun. For at dyret skal vera godkjent som CVM og ikkje flekka eller einsfarga romeldale, er det ei rekke krav som skal vera tilstades. Minst 3 av desse 7 fargekrava må vera tilstades:

Husbonden kjøpte garn frå Insouciant Fibers då han vitja Seattle i 2016. To av hespene var frå smalen Tansy, Aster og Pansy og vart til vottar og hue. Dei to siste hespa har lege på lagring i lang tid og no var det på tide å ta dei fram. Garnet er eit blandingsgarn av alpakka og California variegated mutant (halvt om halvt). Caitlin og Artie frå ein gard ved Elma, WA står for alpakkaulla og Cerrie frå Port Orchard, WA, står for CVMulla. 

Takk til Caitlin, Artie og Cerrie for det fine garnet

Det er noko eige med å spøta med garn kor ein veit namnet på smalen. Diverre har Insouciant Fibers lagt ned drifta sidan Husbonden kjøpte garnet til meg i 2016. Det var tomt for garn frå dei på dei to siste turane hans til Churchmouse Yarns & Teas på Bainbridge Island.

Eg likte veldig godt forma på tommelkilen på Pseudovottane mine, men dei eg spøta sist er for store for meg. No gjekk eg litt ned i pinnestorleik og spøta med litt tjukkare garn. Eg la opp til storleik medium og laga brot sidan det ikkje er det i oppskrifta. Litt prøving og feiling før eg fekk eit brot som ikkje var for vidt til handleddet mitt. Eg har høgare strikkefasthet enn tilrådd så vottane er tette og gode. Kombinasjonen av alpakka og ull gjer dei supermjuke og varme og gode. No kan bare vintaren koma.

CVM-vottar

Dette mønsteret har ikkje brot. Eg ville ha brot slik at dei sat godt og spøta det med ei vridd rett og ei vrang. Eg spøta seks omgangar før eg starta på tommelkilen. Eg var ikkje så nøgd med avsluttinga i oppskrifta så endra til å fella jamnt på runden; fell 10 masker, 1 omgang, fell 10 masker, 1 omgang, fell 10 masker og avslutt ved å dra tråden gjennom.