Det som skulle vera ei gåve…

Eg planla i lang tid å laga ei gåve. Hadde god tid. Veldig god tid. Men kva skjer når ein har god tid? Jau, ein gløyme kva ein har planlagt og utset. Lenge. Og brått er det mindre enn ei veke att og ingen garn er kjøpt og ingen mønster er planlagt.

Eg kjøpe Stephen West si tredje strikkebok, Westknits Book three, finne garn og set i gang med Dustland Hat. Ai ai ai. Det går jo ikkje bra. Sjekke ikkje strikkefasthet og ende med ei hue som kan passa eit troll…

Så då vert det halvferdige prosjektet liggjande. I mange månadar. Før eg innser at eg må ha ei hue til meg sjølv.  Eg like West sine geometriske figurar i rett og vrang så ei slik hue er perfekt til meg. Spøta i Smart frå Sandnes Garn gjekk det fort. Ribbekanten er på pinnar 2.5 mm og resten på 3.5 mm.