Ein haug med sitteunderlag

Av ulike grunnar hadde eg ganske mykje DROPS Eskimo liggjande. Ein av grunnane er at det tjukt. Alt for tjukt. Eg vil helst spøta på pinnar opp til 3,5 mm (til nød 4,0) og alt over dette er som kosteskaft. Ein anna grunn til at garnet har vorte liggjande, er at eg er meir medviten på kor ulla og garnet kjem frå.

Mykje garn inn = noko må ut! Det var med andre ord på tide å kvitta seg med noko som kun var hyllefyll.

Eg hadde nok Eskimo liggjande til å laga sitteunderlag til heile familien. Tok utgangspunkt i gratisoppskrifta til Drops design men brukte tjukkare pinnar fordi det var det eg hadde. Og så var det bare å gå i gang med spøtinga. Og eg hatar tjukke pinnar. Det er ekkelt. Og tungt. Og håplaust. Så det tok lengre tid enn naudsynt å få ferdig alle sitteunderlaga. Tovinga gadd eg heller ikkje bruka mykje tid på. Eit og eit sitteunderlag i maskina saman med ein handduk, 40 grader og ullvaskemiddel på vanleg vask. Og ut kom fiks ferdig sitteunderlag som måtte strekkast i fasong. Men det er plass til rumpa mi der og det er alt eg treng.

No er det tomt for DROPS Eskimo i hylla mi og andre og kjekkare ting kan spøtast.

Sitteunderlag

  • DROPS Eskimo frå Garnstudio
  • Pinnar nr 10,0 mm
  • Totalt 671 gram garn i ulike fargar

Sitteunderlaga er laga etter ei gratisoppskrift frå DROPS design, Sit Down