Endeleg: Harry the Sailor Boy – aka Matrostrøye

Frå 2012 då yngstemann var eitt år gamal.

Boka “Vintage Baby Knits” av Kristen Rengren har mange oppskrifter til små gutar og jenter. Otto’en var henta frå denne boka og no har eg spøta Harry’en til Maiblomen.  Harry Sailor Sweater  i matrosstil går tilbake til 1946 då  militærstilen til smågutar var populær. Matrostrøyer ser jo ikkje ut til å gå av moten og Maiblomen var ein staseleg gut både då han feira eittårsdagen sin og på syttande mai.

Mandarin Petit har omlag same lengd per 50m som det oppgjevne garnet i oppskrifta (Rowan Yarns 4-ply Cotton) så med pinnar nr 2,5 rekna eg med at strikkefastheta ville stemma. Men det gjorde det ikkje. Eg var så langt frå den oppgjevne at eg enda med å måtte rekna om for å få ei passeleg trøye til Maiblomen. Og fyrst etter at eg var ferdig så fann eg ut at Pinnsvin Design sel garnet eg eigentleg skulle nytta i oppskrifta. Jaja, men trøya vart no uansett kjempefin.

HarryTheSailor3

 

HarryTheSailor2

 

HarryTheSailor